Eirik Fauske – KHiO 2017
Eirik FauskeTilnærmingar Til Regi

Det er tradisjon for – og tildels institusjonalisert, at regissøren skal opptre som eit slags opplyst einevelde. Då eg starta på studiet hausten 2015, var det med eit mål om å kunne artikulere, utarbeide og vidareutvikle ein eigen metode i skapinga av sceniske verk. Eg møtte ein kunsthøgskule og eit studie i eit spenn mellom ulike måtar å forstå regiutdanninga på. Nokre av mine medstudentar var ikkje interessert i å lage teater der ein regissør var premissgivar på eit tradisjonelt vis, medan sjølve teaterhøgskulen i stor grad var bygd opp som eit slags institusjonsteater der regifaget la føringa i produksjonane.

I mine masterprosjekt undersøker eg i ulike konstellasjonar og på ulike måtar korleis eg kan møte denne problemstillinga, med ulike grad av distanse til produksjonen og til den dominerande og i noko grad konvensjonelle regirolla.

Nokre gonger er eg i verket, medan andre gonger er eg utanfor. Nokre gonger er eg tett på og utfører detaljregi, medan andre gonger handlar det om organiseringa av det sceniske materialet rundt komposisjon, forløp, kontekst, etc.

I tillegg til å vere regissør, er eg òg dramatikar. Historisk har det ikkje vore uvanleg at rolla som forfattar og regissør overlappar kvarandre. I prosjekta har eg òg hatt ulike auteur-inngangar i prosjekta, der eg undersøker ein utvida forståing av scenetekst.

A: HAUST 2016
LIVE - Sorgarbeid var ei undersøking av ei teaterform utan skodespelarar, der hovudelementa var projisert live-skrive tekst i kombinasjon med scenografi og musikk. Framsyninga kombinerte sorgdikting, referansar til visjonslitteratur og mytiske underlagsmateriale, med eit abstrakt, ikkje-illustrerande biletspråk, og vart til ei visuell, medativ installasjonsframsyning. Dramaturgisk låg fokuset på å skape eit opent, passe utydeleg assosiasjonsrom der publikum brukte sine eigne sorgerfaringar i møte med verket. Scenografien besto av eit rammeverk på 4x4x4 meter, stoff, stenger, gipsavstøypingar av hender, og ulike objekt spreidd utover rommet. Live-skrive tekst vart projisert, på boksen og i rommet samstundes, og dei nesten usynlege aktørane på scenen skapte ulike tablå inni den og etterkvart utanfor den.

Min regifunksjon vart forskyve som ein konsekvens av prosjektet og gruppekonstellasjonen. Her var eg sjølv ein teknikar/aktør på scena, der eg produserte tekst, og regi-rolla som «ytre auge» vart tona ned og delvis delegert til resten av ensemblet. Dette førte til eit verk der dei ulike elementa som tekst, scenografi, musikk, vart meir likestilte.

SIDEPROSJEKT - ÅSTADDIKTING
I Åstaddikting på Det Norske Teatret var eg dramatikar og regiassistent, og observerte ein annan regissør (Kai Johnsen) sin arbeidsmetode, og arbeida i prøveperioden med både å endre og å tilføre ny tekst, og kom med innspel på regi. Framsyninga vart programmert før eg vart tatt opp på masterstudiet, og før regissør Kai Johnsen vart tilsett som regiprofessor ved Kunsthøgskulen.

B: VÅR
I Vårprosjektet er det fleire delprosjekt som til slutt skal leie mot to visningar. Dei ulike delprosjekta har ulike fokus som aktør/lyd, bevegelse, kostyme/sminke etc., og prøvetida er delt opp på ulike stader, med ulike konstellasjonar. Først ut er deltaking i medstudent Kjersti Aas Stenby sitt masterprosjekt der utgangspunktet er ei undersøking av scenekunst som lyd.

Mi eiga regirolle og type av deltaking vil variere frå delprosjekt til delprosjekt, og mykje av prosjektet vil vere uavklart ei stund ut i arbeidsperioden, både når det gjeld medverkande, speletid og form. Arbeidsperioden er frå mars til mai 2017

Khio eirik fauske 3

LIVE - Sorgarbeid hadde premiere på Black Box teater i Oslo 15. november 2016. Det var eit prosjekt eg tok med meg inn i masterløpet og var støtta av Norsk kulturråd. Tekstutviklinga var støtta av Dramatikkens hus og Norsk kulturråd.

Khio eirik fauske 2

Frå LIVE - Sorgarbeid. Dei medverkande var scenograf Signe Becker, komponist Camilla Vatne Barratt-Due, installasjonskunstnar og objektmakar Kjersti Alm Eriksen, dramaturg Marit Grimstad Eggen, og lysdesignar Tilo Hahn. Delar av scenografien vart produsert i verkstader på Kunsthøgskulen. Foto: Signe Becker

Eirik Fauske (f. 1982), master i regi. Dramatiker og scenekunstner. Har skrevet og regissert flere egne verk, blant annet LINDÅS (2012) og LIVE - Sorgarbeid (2016). Andre verk i utvalg: nyskriving av Stormen av Shakespeare for Haugesund teater i 2016 og medforfatter på Bibelen Det Norske teatret (2013). Var husdramatiker på Dramatikkens hus i 2013–2015, og skrev i 2010 barnestykket Under barnehagen som ble nominert til Ibsenprisen og senere har hatt to premierer i Tyskland. Har en bachelorgrad i Kulturposjektledelse fra Høgskolen i Lillehammer med fordypning i teater fra 2007, og studerte skuespill på Høgskolen i Nord-Trøndelag 2002–2004.